Om oss.

Velkommen til Nordfjordull, ei bedrift på garden Falkevik i Kinn kommune, Vestland. Garden ligg på nordsida av Nordfjorden, med høgaste sjøklippa i Nord-Europa, Hornelen, rett over fjorden. Det er ein liten gard, men med ei lang historie, heilt attende til 1609.

Nordfjordull har salg av ull og skinnprodukt av eigne sauer og sauer frå utvalde produsentar. Produkta er godkjende til å bruke varemerket til Landslaget for gammalnorsk spælsau, og konglemerket til Norwegian Made, eit merke for bærekraftige kvalitetsprodukt laga i Norge.