Dyra våre.

Sauene er ein flokk på omlag 40 vinterfora dyr. Rasen er gammalnorsk spælsau, som det finst ca. 10000 hodyr av. Rasen er bevaringsverdig, men ikkje trua av utrydding. Det er ein gammal rase med historie tilbake til vikingtida. Dyra har kort hale, både sauer og værar kanvære kolla eller ha horn.

Dei er fargerike: kvite, brune, grå, svarte i ulike variantar. Ulla er todelt. Kort, tett underull som held sauen varm, og den lange overulla som er som ei takrenne og ledar regnvatnet vekk frå sauekroppen. Det er dyr som passar godt i naturen her: lette på foten i bakkane, sterkt flokkinstinkt, nøysomme, gode mordyr.