Bærekraft.

Produksjonen foregår så kortreist som råd er. Vinterforet er heimeavla på gammal kultureng. Sauene går ute på beite heile året, dei får litt kraftfor før og i lamminga. Ulla vert spunne på Selbu Spinneri i Klæbu.

Her vert alt gjort under eit tak: vasking, karding og spinning. Skinna vert garva på Granberg Garveri i Ølen. Også her vert alt gjort lokalt. Og saueklipparen er frå Nordfjord!